Forum R53 den 23. august - 25. august 2023.  

Seminaret vert halde i gamle Damvokteren på Sletterust. Hugs at vi her er på ca. 1000 m.o.h., så ta med varme klede. Overnattinga skjer i sjølve Damvoktarboligen + tilhøyrande hytter som ligg like i nærleiken. Det kan vera at nokon må dela rom, men me prøver i det lengste… 😊 Dresskoden er veldig «casual». Vi er på hytta – høgt til fjells, så kle deg deretter 😊 

Det kan og vera ein fin moglegheit å få testa eige fiskeutstyr. Me disponerer båt, og kan difor freista med fiske etter fjellaure i Torolmen (ca. 1000m.o.h). Elles er det eit fantastisk turterreng som ein kan utfolda seg i. Me byr sjølvsagt på mat og forfriskingar av Frode Aga. 

NB! Siste frist for avmelding er 8. august. Avmelding etter denne dato vil bli fakturert! 

Kostnadar for deltaking på dette seminaret er: 
- Frå onsdag til fredag: kr. 4.150,- eks. mva pr. person
- Frå torsdag til fredag: kr. 3.800,- eks. mva. pr. person
   (desse kostnadane inkluderar fagleg innhald, kost og losji) 

PS! Du kan og fylgja oss på Facebook der me har ei eiga privat gruppe for dette arrangementet. Her legg vi ut nyhende og praktisk informasjon. Gje beskjed dersom du ønskjer å bli medlem i denne gruppa 😊 - https://www.facebook.com/groups/194183780973076 

Agendaen blir oppdatert fortløpande